På solsida av Gaustatoppen

I Tuddal kan du leve ut draumen om det gode liv på landet, med fine mulegheiter for ein aktiv og trygg kvardag. Dugnadsånd, levande tradisjonar, ein barnehage og skule der barna blir sett, og fritidsaktivitetar sommar som vinter, er kvalitetar stadig fleire søker.

Hyttefolk og bygdefolk finn fort tonen i Tuddal, og vi ønsker nye innbyggarar spesielt velkommen.

Nære alt

I Tuddal kan du leve ut draumen om det gode liv på landet, samtidig som du er i Oslo på ca2 t. Det er 40 min. til Notodden og alt byen byr på, og du kan reise behageleg og trygt med ekspressbuss frå Notodden til Oslo ca annankvar time nesten heile døgnet. Kort veg frå dei store befolkningskonsentrasjonane på Østlandet, gjer at mange søkjer seg til bygda og fjellet for rekreasjon og kvile. Med verdsarvstatus i Notodden og Rjukan, kan vi by på mange gode opplevingar i nærleiken.

I Tuddal vil du oppleve ein gjestfri og uformell atmosfære. Den trivelege bygda på solsida av Telemarks høgaste fjell, Gaustatoppen, 1883 m.o.h., ventar på deg.

Unge familiar finn trygge oppvekstmiljø nær naturen her, ein barnehage og skule, der barnet ditt blir sett, eit åpent fellesskap og ei allsidig dugnadsånd.

Bygda har lang tradisjon i å ta vél imot turistar, og i tillegg finn du ein levande bygdekultur her. Det er mange mil med flotte skiløyper for rekreasjon og naturopplevingar.

Nasjonalromantisk natur

Naturen er typisk for Øvre Telemark, skogkledde lier, blinkande elvar og fiskevatn. Eit vakkert kulturlandskap, ikkje minst i Bondal, som ligg ca 17 km frå sentrum. Til Brattefjell/Vindeggen landskapsvernområde kjem du lett på gode fjellvegar. Her lever også villreinen.

Tuddal Høyfjellshotell er eit fyrtårn i reiselivssamanheng. Det over 100 år gamle trehotellet, der du kan nyte utsøkte gourmetmåltider og eit fantastisk interiør. Nyt stillheten og naturen under Gaustatoppen, og føl suset av tidlegare tider. www.tuddal.no

3 veldrivne campingplassar, Bøen Camping og Tuddal Camping har hytteutleige og caravanplass. Øystul camping har faste leigetakarar. Hogstul hytter www.hogstul.no, Reisjå fjellgard www.reisjaa.no og Greivjord fjellgard www.greivjord.no tilbyr både moderne og tradisjonelle feriehytter til utleige. Alle desse store og små turistbedriftene har i tillegg til overnatting, eit breitt tilbud av aktivitetar og triveleg bumiljø og vertskap.

Både for bygdefolk og tilreisande er den moderne daglegvarebutikken med bensin og post viktig. Tuddal Byggevare skaffar alt til hus og hytte, og Anlaug’s Husflid byr på ein kaffikopp og ein prat når handelen er unnagjort. Bøen Kiosk og Kafé er møtestaden for den gode samtala. Her kan du få ein smak av ekte tradisjonsmat frå Tuddal og a la carte.

Det skjer i Tuddal

Det er mange som finn vegen til Tuddal og dei 14 maleriske bygningane på Tuddal Bygdetun, som er ope i juli, ellers etter avtale.

Klimaet rundt Gaustatoppen er stabilt, med snøsikker vinter og varm sommar. Du kan gå trygt på merka stigar sommar og haust, og Tuddal løypelag sørger for at alle som elskar fine skiløyper i høgfjellet må like seg her.

Flotte skiløyper ventar på deg om vinteren. Gaustatoppen ligg og ventar sommar som vinter.

Hyttefolket har i fleire mannsaldrar vore velkomne til bygda. Lyrikaren Olav Skogen sa det slik:

”Å Tuddal, du herligste fristed på jord
når jeg føler meg trett og forlatt”

Mange natur- og kulturelskande menneske må ha oppdaga desse kvalitetane i fjellbygda under Gausta. I alle fall er hyttetomtene, som blir bydd fram i fjellet i dag, svært etterspurte. Ikkje bare fordi folk likar naturen her, men også det gode rykte bygda har med service, kvalitet og gjestfrihet. I denne bygda er alle turistar gjester!

“DU KJEM IKKJE BORT NÅR DU KJEM TIL TUDDAL”

Utviklet av: Folkebadet.no