Tuddal Utvikling

Tuddal Triathlon, ein 5-års suksess

Tuddal utvikling er inne i eit kvileskjær og har ingen prosjekt i dag.

Tuddal Utvikling har hatt idé til og sett gang utviklingsprosessar og arrangement i bygda. Siste prosjekt Tuddal Utvikling var involvert i var igangsetting av arbeidet med løypa rundt Kovstulvatnet, ei universell utforma turstig. Denne er nå under arbeid i regi av eige lag.

Tuddal Utvikling har vore prosjekteigar i «Frå bygd til landsby» saman med kommunen. TU har vore ansvarlege for gjennomføring av publikumssuksessen Tuddal Triathlon, arrangert første gong i 2010 og vi gjentok suksessen i 2011 og 2012.  Tuddal IL stod for arrangementet i 2013 og 2014 i nært samarbeid med TU. Tuddal Triathlon er nå historie etter 5 år. I området er det fleire idrettsarrangement å delta på, blant anna Telemarkshelten, som går i Tinn.

Tour of Norway gjekk gjennom Tuddal i 2016. TU hadde ei koordineringsrolle.

Tuddal, på solsida av Gaustatoppen er initiert av Tuddal høyfjellshotell og er logo’n til heile Tuddal, ein logo vi er stolte av og føler sterkt eigarskap til.

 

Utviklet av: Folkebadet.no