Historien om Tuddal

Hesten var viktig

Foto: Sigrid Løndal.

I dag bur det omkring 350 fastbuande i Tuddal, men i feriar og helger aukar folketalet kraftig. Meir enn 1600 private hytter ligg frå 400 til 950 m.o.h. spreidd i dalføret.

Gaustatoppen og Rjukanfossen var arnestaden for den moderne norske turismen. Tuddal låg nært og har lange tradisjonar på å ta i mot turistar som fór over fjellet. Tuddal Høyfjellshotell var eit fyrtårn da, som nå. www.tuddal.no.

Det nasjonale 200-års jubileet for den moderne turismen blei derfor lagt til Tuddal og Rjukan i august 2010.

Folk i Tuddal har hatt turisme som attåtnæring i fleire generasjonar. Fjellførarane Olav og Kjetil Solheim losa mange til Gaustatoppen til hest og til fots. Mange budde på Tuddal Høyfjellshotell, og på dei mange pensjonata i bygda. Ærverdige Tuddal Høyfjellshotell, frå 1895, har fått ein ny renessanse og er i dag eit vide kjent kulturhistorisk hotell.

Den faste busettinga i bygda daterer seg minst 1000 år tilbake i tid, og dalen har truleg namnet sitt etter ein bygdehøvding, Tubb. Bygda er mykje eldre enn namnet. Tru om ho ikkje fekk dette Tuddal-namnet påhengt i den katolske tida?

Frå gamalnorsk er det skrivi Tuvedalir. Bygda kan også vere oppkalla etter dei gamle helgener som hadde sitt tilhelde her til dømes Heilage Tove: Tovedal eller Tuve-(dalir) seinare forvride til Tud-dal. Ein åker der har namn etter han, Tubaråker, og eit berg har namnet Tubarberget. Fekk dalen namn etter han (Tubdal), er overgongen lett til det det er no. Også Tuftdal er nemnt ( – av tuft ). Etter Svartedauden, i 1349, skal bygda bare ha hatt 3 busette gardar. På Tuddal bygdetun kan du oppleve ei komplett samling av gamle hus frå bygda. I museumsbygget er det ulike utstillingar sommarstid.

Om gardane er små, og folket frå gammalt av nøysomme, så finn du ennå kvalitet og kunstnarpreg i tuddølen. Det gamle ordet om at ”i Tuddal er allting smått – men godt,” har på ein positiv måte overlevd her. I Tuddal sentrum finn du daglegvare, bensin, byggevare, to kaféar, skule, barnehage og ei lita kvit krosskyrkje, der mange utanfrå velger å gifte seg. Lenger ned i bygda er det garn- og gavebutikk.

Utviklet av: Folkebadet.no