Det frivillige Tuddal
Det er stor aktivitet i dei mange frivillige laga i bygda. Vi er sikker på at du finn noko som interesserar deg, dersom du har lyst til å engasjere deg i frivillig arbeid.
IDRETTSLAGET
Idrettslaget er eit lag med mange engasjerande tilbod til liten og stor. Laget har mange aktive medlemmer. Idrettslaget har ansvar for idrettsplassen som ligg i tilknytning til skulen, med ballbinge, fotballbane og lysløype.
Bryting, fotball, ski, spinning, dame-/herretrim, styrketrening og aerobic er aktivitetar du kan vere med på.
RØDE KORS
Hjartdal Røde Kors har i dag hjelpekorps med ca 20 aktive medlemmar, ungdomsgruppe og barnegruppe med ca 20 aktive medlemmar. Barnegruppa og ungdomsgruppa er svært aktive og har møter kvar 14. dag med mykje uteaktivitetar.
HRK har drive i over 20 år og har tradisjonelt drive med rednings- og leiteaksjonar i Hjartdal kommune og andre kommunar når det er behov for vår innsats.
Røde Kors har eige hus, og garasje for redningsutstyr, bilar, båt, beltevogner, snøscooter og redningsutstyr dei treng for å kunne drive effektiv redningstjeneste i fjellet, sommar som vinter. Dei er også svært aktive vedr. kriseberedskapen i kommunen, og har eigne planar som håndterar dette.
Røde Kors har gode møtelokaler med trådlaust nettverk. Her har dei møte- og kurslokale for utleige.
For ytterlegare informasjon om laget og aktivitetane, sjå heimesida:
Vakttelefon Røde Kors 95 02 32 92
MUSEUMSLAGET
eig og driv Tuddal bygdetun. Bygdetunet er opent frå 30. juni tom første helga i august kl 1200-1800. Ulike utstillingar i museumsbygget i sommarsesongen.
UL FRAM
Ungdomslaget i Tuddal eig forsamlingshuset Fossehalli, ungdomshus midt i bygda.
Huset vert og leigd ut til anledningar som bursdagsfeiringar, konfirmasjonar etc. Fossehalli er eit veleigna lokale med utstyr til å servere ca 120 personar.
Ynskjer du meir informasjon, kontakt Bjørg Sletta, tlf. 95102038
HUSFLIDSLAGET
er samlingsplass for damer i alle aldrar, som sett pris på prat og mykje forskjellig handarbeid. Dei arrangerer også kurs i ulike handarbeidsteknikkar. Dei har faste møte kl 19 annankvar torsdag, første og tredje torsdagen kvar månad i perioden august – juni.
BYGDEKVINNELAGET
arbeider med å skape trivsel i bygda, ta vare på gamle tradisjonar, formidle matkunnskap og samtidig vere ein møteplass for aktive kvinner, som er opptatt av å skape trivsel og samhald i bygda. Dei har møte 2. torsdag i månaden, kl 1900.
HELSELAGET
lokallag av Nasjonalforeningen for folkehelsen. Satsingsområde er informasjon om forbygging av hjarte- og karsjukdommar og demensarbeid. Helselaget arrangerer ulike gåturar om sommaren. Folkestigen rundt Bjårvatnet i si tid etablert med eldsjeler frå Helselaget; stigen er skilta frå Rindebrua (ved Fossehalli). Nå er dei aktivt med i utbetringa av Folkestigen, slik at alle grupper skal kunne bruke den populære turstigen. Les historia om badet hjå Riksantikvaren www.arkivverket.no/arkivverket/Bruk-av-arkiver/Nettutstillinger/Helsehistorie/Bad-er-helse/Badstu
PENSJONISTLAGET
møtast annankvar onsdag til trim, middag og sosialt samvær på Menighetshuset. Dyktige kokkar sørger for sunn og god mat til ein billig penge, og dagen blir enda betre saman med andre.