Reise til Tuddal
Det er bare ca 2 timar på E18 og E 134 frå Oslo og R 40/E134 frå Sandefjord/Tønsberg til Tuddal. Velg Tuddal – på solsida av Gaustatoppen – ditt næraste høgfjellsområde. Variert natur frå skog til høgfjell, eit ideelt turterreng for heile familien. Mange fiskevatn og fine turstigar.
Frå Kristiansand køyrer du R41 til Brunkeberg i Kviteseid kommune, og vidare austover på E 134 til Sauland i Hjartdal kommune. I Sauland tar du av til Tuddal og Gaustatoppen på Fv 651. Vegen over fjellet til Rjukan er åpen sommarstid.
Frå Larvik køyrer du Laagendalen til Kongsberg, vidare E134 til Notodden mot Seljord, tar av i Sauland, 2 mil etter Notodden, på Fv 651 til Tuddal og Gaustatoppen.
Frå Oslo køyrer du E18 mot Drammen, vidare E134 til Kongsberg og Notodden mot Seljord. I Sauland, 2 mil forbi Notodden, tar du av til Tuddal og Gaustatoppen på Fv 651