Tuddal Utvikling

Tuddal Triathlon, ein 5-års suksess

Tuddal Utvikling har hatt idé til og sett gang utviklingsprosessar og arrangement i bygda. Tuddal Utvikling har vore prosjekteigar i «Frå bygd til landsby» saman med kommunen. TU har vore ansvarlege for gjennomføring av publikumssuksessen Tuddal Triathlon, arrangert første gong i 2010 og vi gjentok suksessen i 2011 og 2012.  Tuddal IL stod for arrangementet i 2013 og 2014 i nært samarbeid med TU. Tuddal Triathlon er nå historie etter 5 år. I området er det fleire idrettsarrangement å delta på, blant anna Telemarkshelten, som går i Tinn.

Tour of Norway gjekk gjennom Tuddal i 2016. TU hadde ei koordineringsrolle.

Tuddal, på solsida av Gaustatoppen er initiert av Tuddal høyfjellshotell og er logo’n til heile Tuddal, ein logo vi er stolte av og føler sterkt eigarskap til.

Tuddal Utvikling  tar opp og arbeider med saker, som vi meiner er viktige for ei positiv utvikling i bygda. Kjæringsteinløypa rundt Kovstulvatnet er prioritert i 2017.

Ny leiar 2017 er Terje Wårås.

tuddal.utvikling@hotmail.no

Medlemskap kostar kr 2.000,- og er åpent for alle næringsdrivande, grunneigarar og lag i bygda.

Utviklet av: Folkebadet.no