Tuddal – eit eventyr
Velkommen til den trivlege bygda vår. I Tuddal, på solsida av Telemarks høgste fjell, Gaustatoppen, 1883 m.o.h, vil du oppleve ein gjestfri og uformell atmosfære. Med plassering sentralt i Sør-Norge, er det mange som søker seg til bygda og fjellet for rekreasjon og kvile. Bygda har lang tradisjon i å ta vél imot turistar, og i tillegg finn du ein levande bygdekultur her.
Naturen er typisk for Øvre Telemark, skogkledde lier, blinkande elver og fiskevatn og eit vakkert kulturlandskap. Vinterstid finn du fine langrennsløyper både i skog- og fjellandskap. Flugonfjell skisenter finn du i bygda. Vi har eit mildt og vakkert landskap i Tuddal, som eignar seg godt for heile familien. Bygdetunet har opent i juli, ellers i året er det omvisning etter avtale.
Legg turen innom eit av Telemarks mest komplette bygdetun og få med deg Tuddal i gamal tid og dagens bygdeliv med sal av handtverksprodukt, god musikk, lokalmat og anna kvalitetsprodukt.
Avtale for omvisning: Norsk industriarbeidermuseum, www.nia.no
Bjårvatnet rundt, Folkestigen
Sentrumsnær rundtur, ein av fleire oppleveingsturar i Øvre Telemark.
Les mer