Info om skiløyper og servicetilbod i Tuddal, på solsida av Gaustatoppen

Fint langrennsterreng i Tuddal 29. desember 2020

Vinteren er her, snøen har kome i Tuddal, både nede i bygda og oppe på fjellet. Ein stor del av løypenettet er køyrt opp nå i romrula, og du får oversikt over forholda i Tuddal på “Visit Tuddal” på facebook og “Terrenginfo i Tuddal” (facebook-medlemsside). Oversikt over når og kor løypene blir køyrt, finn du på “www.skisporet.no”, der du søkjer på Tuddal. I romjula og nyårshelga blir løypene køyrt ved behov. På “skisporet.no” kan du til ei kvar tid følgje løypemaskina og når det blir køyrt opp

I Tuddal vil du oppleve ein gjestfri og uformell atmosfære. På solsida av Telemarks høgaste fjell, Gaustatoppen, 1883 m.o.h. ligg vi i eit attraktivt høgfjellsområde midt i verdsarven, ca 2 timars køyring frå sentrale Oslo. Mange fine hytteområde, tradisjonsrike Tuddal høyfjellshotell og eit godt utbygd løypenett. Gode servicetilbod, bensin, dagligvare, husflid og gaver, kafe, byggevare, lysløype og fotballbane ved skulen. Flugonfjell skisenter er open frå kl 10 til 15. Kafeen er open til kl 16.

Vi har verdsarv på begge sider av oss, Rjukan og Notodden. Hjå oss får du eit godt utgangspunkt for turar i verdsarven. Vinterstid er vegen over fjellet til Gaustablikk stengt. Planen er å opne til vinterferien om været tillet det. I Tuddal kan du også oppleve korleis menneska her levde i tida før industrialiseringa. Tuddal bygdetun har opent kl 12-18 kvar dag i juli. I Bondal, eit nasjonalt verneverdig kulturlandskap, som gjev eit godt innblikk i nasjonalromantikken.

Utviklet av: Folkebadet.no