Tuddal Utvikling
Tuddal utvikling er inne i eit kvileskjær og har ingen prosjekt i dag.
Tuddal Utvikling har hatt idé til og sett gang utviklingsprosessar og arrangement i bygda. Siste prosjekt Tuddal Utvikling var involvert i var igangsetting av arbeidet med løypa rundt Kovstulvatnet, ei universell utforma turstig. Denne er nå under arbeid i regi av eige lag.
Tuddal Utvikling har vore prosjekteigar i “Frå bygd til landsby” saman med kommunen. TU har vore ansvarlege for gjennomføring av publikumssuksessen Tuddal Triathlon, arrangert første gong i 2010 og vi gjentok suksessen i 2011 og 2012. Tuddal IL stod for arrangementet i 2013 og 2014 i nært samarbeid med TU. Tuddal Triathlon er nå historie etter 5 år. I området er det fleire idrettsarrangement å delta på, blant anna Telemarkshelten, som går i Tinn.
Tour of Norway gjekk gjennom Tuddal i 2016. TU hadde ei koordineringsrolle.
Tuddal, på solsida av Gaustatoppen er initiert av Tuddal høyfjellshotell og er logo’n til heile Tuddal, ein logo vi er stolte av og føler sterkt eigarskap til.