Hyttedraumen i Tuddal
Realisér hyttedraumen i Tuddal, ditt næraste høgfjellsområde, ca 2 t frå Oslo, Vestfold og Grenland. Vakker natur med utsikt mot Gaustatoppen, Vindeggen og Lifjell. Kanskje har du besøkt det kjente kulturhistoriske hotellet, Tuddal Høyfjellshotell, som ligg i Tuddal.
Vi tilbyr godt tørt innlandsklima, vakker natur, flott skiterreng, mange mil oppkøyrde skiløyper om vinteren og attraktive fiskevatn. Eit eldorado for heile familien.
Ledige hyttetomter:
Fikstjønn hyttefelt v/Kåre Karlberg, tlf. 99 60 60 20
Flugonfjell hyttefelt v/Olav H. Flugon, tlf. 99 44 58 00, Flugonfjell er på facebook.
Langetjønn og Løkjestul hyttefelt, Tuddal eiendomsutvikling v/Kjell Høiseth, tlf. 92 20 23 01
Solheimsbeite v/Bjørn Olav Øya tlf: 99 23 94 00/Håkon Bøen tlf: 41 50 50 87, https://tuddalhytter.no
Steinsarmen hyttefelt v/Andreas Flugon, tlf. 97 16 00 50
Åråhovde hyttefelt v/John K. Bondal, tlf. 92 05 97 30, http://www.bondalsnikkarverkstad.no/,
Attraktive Tuddal
Ein attraktiv vinterdestinasjon, med mil på mil med skiløyper i vakkert skogsterreng og eit fantastisk høgfjell, Gaustaområdet. Eit aktivt løypelag sørger for godt preparere løyper, som er knytt til løypenett på Gaustablikk når det er snø nok over fjellet. Vintersesongen 2020-2021 er Flugonfjell skisenter opent, til glede for store og små.
Sommarstid opplever du den vakre naturen på solsida av majestetiske Gaustatoppen, 1883 moh. Flott turterreng for heile familien, mange aktivitetar og kort veg til spennande attraksjonar i austlandsområdet.
“Tuddal, du herligste fristed på jord..
..det har mere å gi deg enn mennesker tror,
å jeg minnes en midtsommernatt”.
( frå eit dikt av lyrikaren Olav Skogen)