Tuddal bygdetun

Tuddal bygdetun

Vakre gamle bygningar på Tuddal bygdetun. Foto: Sigrid Løndal.

Sommarsesong med ope bygdetun i juli. Ellers etter avtale.

Omvisning.
Du kan bestille omvisning for grupper utanom sesongen på tlf +47 91 58 55 26

Gjennom sommaren er det fleire arrangement, sjå kalender for tidspunkt og tema.
Legg turen til eit av dei mest komplette bygdetun i Telemark, med dei fleste typar bygningar ein fann i fjellbygda.

På museet kan du:

Sjå korleis tuddølane har bygd og budd opp gjennom tidene.
Finne hus av ulike slag som ikkje berre er tome skal, men som er rikeleg utstyrt med inventar
Få opplysningar om gamle gjenstandar.
Oppleve bygdedagen i juli som samlar meir publikum enn det er fastbuande i bygda. Bygdedagen er kvart år helga nærast 20. juli.

Besøk det nye museumsbygget som tek vare på og stiller ut gjenstandar på ein heilt annan måte enn før.
Sjå husguden frå 1100-talet og dei berømte stavkyrkjeportalane.

Utviklet av: Folkebadet.no