Opplev området

Næringsliv i Tuddal

Tuddal, på Solsida av Gaustatoppen, ditt næraste høgfjellsområde om du bur i Osloområdet/Vestfold.

I Tuddal kan du nyte vakker natur, fjell og skogkledde lier, fine fossefall og elvar og eit nasjonalt verneverdig kulturlandskap i Bondal, 15 km frå Tuddal. Tuddal bygdetun har ei av dei mest komplette samlingar med gamle hus frå bygda. På Tuddal høyfjellshotell kan du høre stillheten og nyte husets sjel.

Sommarstid kan du vandre i naturen på godt merka stigar, og om vinteren oppleve skiglede i ca 70 km oppkøyrde skiløyper. Flugonfjell skisenter dekker behovet for slalom for barnefamilien.  Skibakken er basert på naturleg snø. Området passar godt for barnefamiliar, som er glad i natur og friluftsliv.

Med Tuddal som utgangspunkt, kan du i løpet av 20 minutt til 1 time nå kjende attraksjonar i Telemark.

Verdensarven  med tungtvatnet, industrieventyret, kunsten og arkitekturen i Notodden og Rjukan. 40 km.

Gaustatoppen, 1883 moh med utsikt til 1/6 av Norge – må bare opplevast. 20 min med bil.

Gaustabanen går inne i selve Gaustatoppen og har vært en godt bevart hemmelegheit. Gaustabanen består av ei batteridriven vogn på skinner, som fraktar passasjerane ca 860 meter horisontalt innover i fjellet.

Midt inne i fjellet er det ein mellom- og omlastningsstasjon, der det går ein skinnegåande pendelbane i skråsjakt med lengde1040 meter opp til 1800 m.o.h. Derifrå er det utgang frå anlegget til den såkalla Tuddalstippen, like i underkant av Gaustatoppen Turisthytte, der kaffe og vaffel ventar.

På ca 15 minuttar har du kome deg til topps på Gaustatoppen!

Ta Krossobanen til Hardangervidda, 1 times køyretur unna.

Heddal stavkyrkje er verdt eit besøk. ca 30 min.

Rjukanbadet – eit eldorado for store og små, sommar 45 min, vinter 1 t 15 min

Sommarland 70 km.

Aktuelle tilbydarar i området:

www.telegardar.no

Utviklet av: Folkebadet.no