Turvegar i Tuddal

Tur til Njuke

Njuke – Kyrkjefjellet – Mydalen

Merka turstig frå bygda ved Rindebrua, der Bjårvatn Rundt også startar, opp på toppen av Njuke – der trollet Sjuke-Knut i Njuke iflg sagnet bur. Herifrå er det det veldig fin utsikt over bygda i alle retningar og mot Gausta og fjella rundt. Herifrå kan du vandre på merka stig vidare på Kyrkjefjellet og til Mydalen, opp for Stuverudgrenda mot Bondal.

Frå Njuke ser du over mot Hovdeåsen på andre sida av dalen, som også har ein flott utsikt. Ikkje merka stig.

Njuke.

Utsikt mot Njuke. Foto: Bjørn Nysveen, Seaside studio.

Bjårvatn rundt

I Tuddal går det ei rundløype rundt Bjårvatn, som heiter Folkestigen. Snart er den tilrettelagt for alle grupper, den blir rusta opp med veg heile vegen.  Turen rundt vatnet tar ca ein time. Detaljert informasjon om Bjårvatnet rundt

 

Skitnetjønn-Kåloset

DNT-merka sommarstig og oppkøyrt skiløype, som går i variert terreng frå Skitnetjønn på Flugonfjell til Sjåvatnet ved Kåloset.

Prestevegen

DNT-merka Prestevegen er ein merka turveg i fjell- og skogsterreng. Gangtid omlag 6  timar. Vegen går mellom Hogstul i Tuddal og Juvsmoen  i Hjartdal. Etter tradisjonen er dette sommarvegen som soknepresten bruka i gamle dagar, når han kvar tredje sundag drog til Tuddal for å halde messe.

Runhellhovet

DNT-merka. Frå Bitringsnatten, ovanfor Tuddal høyfjellshotell, kan du gå stigen over til Runhellhovet, dette er ein tur på omlag 4 km.

Ved Runhellhovet kan ein sjå den gamle Runesteinen som en meiner er ein gamal grensestein eller vitnestein, runeinskripsjonen tyder: Hella vere til vitne.

Hulderhola

DNT-merka. Hulderhola er ei hole i fjellet på austsida av Heddersvatn på grensa mellom Tuddal og Tinn. Stigen startar frå Stavsro, ca. 200 meter før parkeringsplassen ved stigen opp til Gaustatoppen. Siste delen av turen krev noko klatring. Det er tau til å halde seg i, og dersom det er mykje vatn i Gjuvå, kan det vere nausynt å vade noko.  Det beste punktet for å krysse elva ligg nær utløpet av Heddersvatn. Hulderhola er ca 15 meter djup, med ei takhøgde på mellom 1-3 meter. Innerst i hola er det eit mindre rom, det såkalla sakristiet. Turen er ca fire km / 1.5 time kvar veg.

Gaustatoppen

Utsikt mot Gaustatoppen.

Foto: Bjørn Nysveen, Seaside studio.

Gamle Bondalsveg

Den gamle Bondalsvegen startar ved skulen, fortsett forbi Grasåsen, Blåtjønn, og endar ved Reisjå. Dette er ein tur som går i lett skogsterreng.Vegen går stadvis gjennom eldre kulturlandskap, og fleire stader kan du finne gode eksempel på vegbyggarhandtverk fra tidlegare tider. Vegen er ikkje merka, men er ein god stig i terrenget og egnar seg også godt for syklistar. Turen er ca 7 km kvar veg.

Gausdalen

Ved Brekke i Bondal kan ein fylgje stien over til Gausdalen, eller ein kan gå herfrå opp på Bonsnås som ligg på 1304 m.o.h. Frå Gausdalen kan ein gå inn til  Selstali seter, som har ope frå St.Hans til andre helga i september.
Her kan ein få kjøpt seterprodukt, og dei har matservering både inne og ute.

Vindeggen

Er du av dei som likar å gå i fjellet, er området rundt Vindeggen eit flott turområde å ferdas i. Kan hende er du så heldig å få sjå villreinen, her held ei stamme på rundt 500 dyr til.

Fiske

Her i Tuddal har me mange fine vatn å fiske i, og kva er vel betre enn ein nysteikt fjellaure i panna..

Dette er berre noko av det me har å by på, håpar at du sitt att med mange fine minner og opplevingar herfrå.

Fritid i fjellet

Mange fine fiskevatn i fjellet og i bygda.

GOD TUR!

Utviklet av: Folkebadet.no