Bygdedag Tuddal bygdetun 23. juli frå kl 11

Tuddal bygdetun

Velkommen til Tuddal Bygdetun sommaren 2017! Bygdetunet har opent i juli, tysdag-søndag kl 13-18. Måndag stengt.

Den tradisjonsrike bygdedagen vår foregår på Tuddal bygdetun, og datoen er søndag 23. juli frå kl 11. Legg turen innom eit av Telemarks mest komplette bygdetun og få med deg Tuddal i gamal tid og dagens bygdeliv med sal av handtverksprodukt, lokalmat og anna kvalitetsprodukt.

Vi har mykje spennande å by på i sommar. Ssjå kalender for onsdagsprogram!

Sesongen opna 2. juli med utstillinga «Stulsstell før og nå» på Tuddal bygdetun, som er open i museumsbygget i opningstida.

Program for bygdedagen:

kl 12 Opning
kl 12.15 Song og spel ved Liv Hjartsjø frå Tuddal
kl 1230 Forteljing, song og spel ved Ellen Marie Tangen frå Sollia
kl 1300 Pause
kl 1315 Utdeling av prisen ‘Årets Tuddøl’
kl 1330 Konsert med ‘Norske menn i hus og hytte’
kl 1430 Avslutning frå scena.

Salsutstillinga er open fram til kl 15.

I den trivelege bygda vår, Tuddal, på solsida av Telemarks høgaste fjell, Gaustatoppen, 1883 m.o.h, vil du oppleve ein gjestfri og uformell atmosfære. Med plassering sentralt i Sør-Norge, er det mange som søker seg til bygda og fjellet for rekreasjon og kvile. Bygda har lang tradisjon i å ta vél imot turistar, og i tillegg finn du ein levande bygdekultur her.

Naturen er typisk for Øvre Telemark, skogkledde lier, blinkande elver og fiskevatn og eit vakkert kulturlandskap. Vinterstid finn du fine langrennsløyper både i skog- og fjellandskap. Vi har eit mildt og vakkert landskap i Tuddal, som eignar seg godt for heile familien.

Silkeføre og strålande sol i Tuddal

Løyper - OPPDATERT INFORMASJON VINTER 2017

Les mer
Tur til Njuke

Turvegar i Tuddal

Prestevegen er ein merka turveg i fjell- og skogsterreng.

Les mer
Gaustatoppen

Frå Gaustatoppen til Huldrehola

Det er avansert gange, men veldig morsomt

Les mer
Gaustatoppen 1883 moh

Gaustatoppen, ein magnet

Verdens hardeste Ironman-distanse arrangeres hvert år.

Les mer
Tuddal bygdetun

Bjårvatnet rundt, Folkestigen

Sentrumsnær rundtur, ein av fleire oppleveingsturar i Øvre Telemark.

Les mer
Utviklet av: Folkebadet.no