Tuddal bygdetun, Norsk industriarbeidermuseum

Tuddal bygdetun
Tuddal bygdetun

Vakre gamle bygningar på Tuddal bygdetun. Foto: Sigrid Løndal.

Sommarsesong med ope bygdetun i juli. Ellers etter avtale.

Omvisning.
Du kan bestille omvisning for grupper utanom sesongen på tlf +47 91 58 55 26

Gjennom sommaren er det fleire arrangement, sjå kalender for tidspunkt og tema.
Legg turen til eit av dei mest komplette bygdetun i Telemark, med dei fleste typar bygningar ein fann i fjellbygda. Tuddal bygdetun er ein del av Norsk industriarbeidermuseum frå 2020.

På museet kan du:

Sjå korleis tuddølane har bygd og budd opp gjennom tidene.
Finne hus av ulike slag som ikkje berre er tome skal, men som er rikeleg utstyrt med inventar
Få opplysningar om gamle gjenstandar.

Besøk det nye museumsbygget som tek vare på og stiller ut gjenstandar på ein heilt annan måte enn før.
Sjå husguden frå 1100-talet og dei berømte stavkyrkjeportalane.

Sommarutstillinga 2020 vil ha tema bunad.

Utviklet av: Folkebadet.no