Barnehage og skule

Barnet treng næring og gode vekstvilkår både i skule og fritid.

I Tuddal har vi offentleg barnehagetilbod frå 1 år. Tuddal montessoriskule, har grunnskuletilbod frå 1.-7. klasse og SFO i bygda. Det gjev godt utgangspunkt for eit tett og nært samarbeid mellom heim og skule. Rektor har lang erfaring som lærar og er montessoripedagog. Vi er glade for at elevane får behalde nærskulen sin.

Heile lokalsamfunnet er læringsarena. Her har vi oversikt, og lærarar, som motiverar elevane til å utvikle seg til trygge og sjølmedvetne barn.

Barnehagen og skulen i Tuddal er samlokalisert, det gjev læringsmiljø både for store og små. Leikeplass og idrettsplass med fotballbane, ballbinge og lysløype ligg like inntil skulen. Naturen ligg tett innpå, ein gard med dyr er næraste nabo.

Ungdomsskulen i Hjartdal kommune ligg i Sauland, 2 mil frå Tuddal sentrum. Den er eit praktbygg, nyopna våren 2019, i heiltre og energinøytral. Hjartdal er i front på miljø både for menneske og natur.

Utviklet av: Folkebadet.no