Tuddal – eit eventyr

Velkommen til den trivlege bygda vår. I Tuddal, på solsida av Telemarks høgste fjell, Gaustatoppen, 1883 m.o.h, vil du oppleve ein gjestfri og uformell atmosfære. Med plassering sentralt i Sør-Norge, er det mange som søker seg til bygda og fjellet for rekreasjon og kvile. Bygda har lang tradisjon i å ta vél imot turistar, og i tillegg finn du ein levande bygdekultur her.
Naturen er typisk for Øvre Telemark, skogkledde lier, blinkande elver og fiskevatn og eit vakkert kulturlandskap. Vinterstid finn du fine langrennsløyper både i skog- og fjellandskap. Vi har eit mildt og vakkert landskap i Tuddal, som eignar seg godt for heile familien.til Tuddal Bygdetun. Bygdetunet har opent i juli, ellers i året er det omvisning etter avtale.
Den tradisjonsrike bygdedagen vår foregår på Tuddal bygdetun den søndagen som er nærast 20. juli. frå kl 11. Legg turen innom eit av Telemarks mest komplette bygdetun og få med deg Tuddal i gamal tid og dagens bygdeliv med sal av handtverksprodukt, lokalmat og anna kvalitetsprodukt.
Avtale for omvisning: Ring Håvard Kaasa på mobil 91585526.

Bjårvatnet rundt, Folkestigen
Sentrumsnær rundtur, ein av fleire oppleveingsturar i Øvre Telemark.
Les mer