Tuddal løypelag

Vinter 2018 har løypelaget sørga for at er køyrt opp eit godt løypenett, som du kan sjekke ut på lenka under.

Det er sett ut nye skilttavler, med nye kart i alle kryss og skilt, som viser retning og avstand.

Link til løypenettet: http://skisporet.no/telemark/tuddal

Historie:

Det har blitt køyrt skiløyper i Tuddal i meir enn 25 år.  I starten var det ivrige entusiastar som køyrde med snøskuter både seint og tidleg. Det har blitt lagt ned utallige timar med dugnadsarbeid med rydding av busker og kratt, for å få til gode skiløyper for hytteeigarar og bygdefolk. Etter som åra har gått har løypekøyringa kome i meir organiserte former, og blir i dag køyrt opp med en tråkkemaskin og preparert hver helg.

Drift:

Organiseringa av sjølve løypelaget er framleis basert på dugnadsarbeid, mens det blir leigd inn maskin for å køyre løyper, som blir godtgjort per time. Dagens styre består av 3 grunneigarar og 2 representantar frå hytteforeningar.

Økonomi:

Tuddal Løypelag er heilt avhengig av økonomisk støtte frå hytteeigarar, hytteforeningar og brukarar av løypene, for å oppretthalde det tilbodet vi har i dag. I tillegg sponsar næringslivet i Tuddal, grunneigarar og Hjartdal kommune med penger, for å sikre at vi kan bruke ei avansert tråkkemaskin med fres. Hytteeigarar blir oppmoda om å bidra med minimum kr 500,- pr år, noko som er rimeleg med tanke på at det blir køyrt spor kvar helg gjennom heile sesongen.

Tuddal Løypelag ønskjer alle ein god tur i den fine naturen vi har i Tuddal, på solsida av Gaustatoppen.

Bidrag kan innbetalast på konto nummer: 2699.07.03212 

Nytt styre er valt i 2018:

Navn: Telefon: E-post:
Dag Rune Teigen Grunneigar
Kåre Karlberg (leiar) 99 60 60 20 kk@kkhytteservice.no Grunneigar
Olav H Flugon (nestleiar) 99 44 58 00 olav@flugonfjell.no Grunneigar
Liv Mette Tveiten Repr. hytteforening
Tor Ellingsen Repr. hytteforening
Utviklet av: Folkebadet.no